Samtalar

Einesamtalar

Einesamtale er ein samtale mellom deg og ein av dei tilsette. I løpet av første samtale får du informasjon om senteret og moglegheit til å fortelle litt om deg sjølv og kva ønskje og forventningar du har.

Du kan få tilbud om fleire samtalar, dette vert avklart etterkvart mellom deg og den tilsette.

Bur du langt unna kan vi avtale å ha samtalar på telefon.

Nettverksamtalar

Både brukarar, partnarar og pårørande kan ha samtalar. Dersom du ønskjer å ha med andre på samtale, til dømes lege, psykolog, lærar, andre fagpersonar eller pårørande kan vi avtale ein nettverksamtale.

Dette kan vere bra dersom du treng at fagpersonar som er rundt deg skal samarbeide med oss, eller at du berre vil ha med deg nokon for å føle deg tryggare.