Nye retningslinjer høve koronapandemien

På grunn av koronapandemien har senteret vore stengt for besøk sidan 16.mars. Myndigheitene har lette litt på restriksjonane, og vi kan forsiktig starte å opne opp for «ein tilein» samtalar. Det vil sei at innomstikk og andre fellesaktivitetar framleis vil vere stengt inntil vidare. Dei tilsette vert delt i to team, dei vekslar på å vere på senteret annakvar veke. det vil såleis vere to som er tilgjengeleg på senteret til ei kvar tid. Dei som ynskjer samtaler på senteret kan det, og dei som ynskjer å ha telefonsamtalar kan fortsette med det.

  • Alle som kjem til senteret må vere HEILT friske. Dersom du sjølv er sjuk, har vore i kontakt med andre som er sjuke, eller du er i særleg sisikogruppe, vil framleis telefonkontakt vere det riktige valet for deg.
  • Kom til avtalt tidspunkt, så vil du bli mødt av din faglegerettleiar og du vil bli vist til samtalerommet de skal bruke. Den tilsette skjenker kaffi, te eller vatn til deg.
  • Det står håndsprit ved inngangspartiet, på alle samtalerom og toalett – bruk denne!
  • Hugs handvask, det førebyggjer smittespreiing. Vask eller sprit deg før du tar deg til andletet når du har tatt på dørhandtak eller andre overflatar personar kan ha tatt på.
  • Hugs god hostehygiene.
  • Hald 2 meter avstand til andre personar, sit godt frå kvarandre under samtalen.
  • Vi helsar IKKJE med håndtrykk eller klem no for tida

Med venleg helsing oss på Smiso Sogn og Fjordane