Koronavirus

I tråd med nasjonale føringar og føringar frå Sunnfjord kommune med å avgrense spreiing av koronavirus, vert senteret stengt for brukarar og samarbeidspartar. All aktivitet utanfor senteret vert også avlyst. I fyste omgang gjeld dette fram til og med 27.mars. Vi gjer merksam på at perioden kan bli forlenga.

Vi er tilgjengeleg for våre brukarar og samarbeidsinstansar på e-post og telefon som vanleg. Alle som har timeavtalar med oss i denne perioden vil bli kontakta og få tilbod om å ta samtale pr. telefon. Ynskjer du samtale med den du vanlegvis har samtaler med på senteret så får du sjølvsagt det, du må berre ta kontakt så avtalar vi tid for dette på telefon. Alle tilsette vil ikkje vere tilgjengeleg kvar dag.

Vi minne om at du og kan kontakte Hjelpetelefonen for seksuelt misbrukte, dette er ein døgnopen telefon for alle som er utsett for seksuelle overgrep og pårørande til utsette. Gratis å ringje; 800 57 800

Vi håpar vi snart er tilbake i ordinær drift.

Helsing oss på Smiso SF