Korona tiltak held fram

I tråd med dei nasjonale retningslinjene, vil senteret fortsatt vere stengt for besøk. Dette vil gjelde fram til 14. april, med moglegheit for forlenging. Dette gjeld også einesamtalar, desse kan takast på telefon etter nærare avtale med fagleg rettleiar. Vi kan ikkje møtast fysisk i desse dagar, men vi oppmodar alle brukarar og samarbeidspartar til å ta kontakt med oss på telefon, enten det er for å setje opp avtalar eller berre for å slå av ein kort prat innimellom.