Seinverknader

Reaksjoner på seksuelle overgrep og incest kan vere mange og forskjellige. Dette er normale reaksjonar som oppstår fordi ein har blitt utsett for eit traume. Dei kan dukke opp med ein gong, eller etter ei stund, eller til og med fleire år etter at overgrepet/overgrepa har funne stad. Ein seinverknad kan virke både fysisk, psykisk og sosialt, og førar ofte til avgrensingar i livsutfaldinga, om traumane blir ståande ubearbeida. Det er viktig å huske at det ikkje er slik at alle vil ha desse seinverknadane, og nokon vil kunne ha seinverknadar som ikkje er nemnd her.

Eksemplar på seinverknader

Under kjem ei oversikt på dei seinverknader vi ser går igjen hos mange av dei som har vert utsett for seksuelle overgrep. Det er viktig å understreke at nokon kjenner seg igjen i mange av punkta, andre i berre i få av dei, og andre igjen kan slite med heilt andre ting. Så husk at denne oversikten ikkje er noko fasit. Nokon kan reagere med utmatting når dei leser denne oversikten, andre kan kjenne seg letta fordi dei ikkje lenger er alene om alle kjenslene ein har. Uansett korleis du opplev det, så er du ikkje rar, annleis eller unormal.

Skuld og skam
Sjølv om det kan virke uforståeleg på andre, bærer svært ofte utsette på ansvaret for det som er skjedd med dei. Skuld- og skamkjensle er ofte framtredende. Det er mange grunnar til at dette skjer, men vi opplev at overgrepa ofte har skjedd på ein måte som gjer at barnet den gang fekk ei kjensle av at dei var delaktige i det som skjedde. Difor tiar dei fleste om det som er skjedd dei. Andre kan ha kjent på seksuelle kjensler under overgrepa og av den grunn er sikre på at dei har skuld i det som skjedde, eller at det må vere noko feil med dei, som kan ha kjent det slik.

Dårleg sjølvbilete
Dårleg sjølvbilete kjem ofte når ein har blitt utsett for traume som det ikkje vert sett ord på. Ein vil gjerne søke svar som kvifor? Når ein ikkje finn svaret, vil ein ofte leite etter svaret hos seg sjølv, og komme fram til at ”det må jo vere meg det er/var noko galt med”. Når den utsette tenkjer dette over tid, gjer det noko med kva ein tenkjer om seg sjølv. Vi skil mellom å ha god sjølvkjensle og god sjølvtillit. Det er fullt mogleg å ha god sjølvtillit, men dårleg sjølvkjensle. Sjølvtillit er kva vi tenkjer om kva vi kan klare, og prestere, medan sjølvkjensle er kva vi tenkjer om vår eiga verdi. Ofte blir desse omgrepa forveksla slik at ein prøver å prestere meir og meir for kanskje då få det betre, men det hjelper sjeldan dersom det er sjølvkjensla som er låg.

Sjølvskading
Sjølvskading handlar ofte om at den psykiske smerta ein har er så vond å bere, at den kjem til uttrykk ved å skade seg sjølv fysisk. Vi ser på sjølvskading som ein naudutgang, ikkje som eit ønskje om å ta sitt eige liv. Det vert ein overlevingsstrategi i ein vanskeleg kvardag. Sjølvskadinga har ein funksjon, men den gjer deg ikkje betre. Mange opplev auka smerte etterpå som også er forbundet med skam og skuld. Naudutgangar er viktige, men ikkje alle naudutgangar er like sunne, kanskje er det behov for å finne andre måtar å handsame smerta på. Vår erfaring er at hyppigheita av sjølvskading minkar når det er rom for å prate om dei vonde kjenslene.

Neglisjering av kroppen – eller overopptatt av den
Nokon går med store klede for å dekke til kroppen, – ”ingen må så den ekle kroppen min.” Andre kan gå med utfordrande klede, – ”min kropp er min verdi.” Nokon er ”dårleg” på personleg hygiene – dei orkar ikkje å hanskast med den skitne kroppen, medan andre igjen kan dusje fleire gonger dagleg – ”kroppen vert aldri rein nok.”

Ete problematikk
”Matmisbruk er et symptom på følelsesmessige konflikter. Å overspise, sulte, kaste opp og tvangstrene brukes bevisst eller ubevisst i et forsøk på å skyve vekk problemer som man ikke klarer å løse på andre måter” Les meir her. Andre igjen har ikkje noko uttalt ete problematikk, men synast det er vanskeleg med enkelte matvarer som kan minne om overgrepssituasjonen gjennom lukt eller konsistens.

Sjølvmordstankar
Fleire utsette har, eller har hatt tankar eller ønskje om å ta sitt eige liv. Den innvendige smerta kan kjennast så uhaldbar at ein i periodar ikkje ser andre løysingar eller mistar håpet. Vi veit det er mogleg å komme seg ut av smerta. Det kan ta tid, men det er håp. Søk hjelp om du strever med viljen til å leve.

Konsentrasjonsproblem
Utsette for overgrep som ikkje har fått bearbeida sine opplevingar vil ofte vere i konstant beredskap for eventuelle nye overgrep. Kropp og sjel treng å få beskjed om at faren er over, for å kunne konsentrere seg om kvardagen sine små og store hendingar.

Somatiske plagar – muskelspenningar, hovudverk, kvalme.
Når kroppen blir i denne beredskaps-modusen, kan det over tid resultere i somatiske plagar som muskelspenningar, hovudverk og kvalme.

Uro, rastløyse, søvnvanskar
Uro, rastløyse og søvnvanskar kjem og ofte som eit resultat av ubearbeida traume. Kroppen blir i faremodus, det blir skummelt å sette seg ned og vanskeleg å sovne, for då kjem påtrengande tankar. Mange held seg opptatt med aktivitetar slik at dei ikkje får tid til å tenkje eller kjenne etter. Problemet er at traumet ikkje forsvinn med denne metoden, den blir verande uløyst, og gjer sitt til at ein ikkje finner ro i nokre situasjonar.

Behov for kontroll.
Når ein vert utsett for seksuelle overgrep, mistar ein fullstendig kontroll over situasjonen, kroppen, kjenslene og tankane sine. Ein ser ofte at vaksne som har vore utsett for seksuelle overgrep er opptatt av å ha kontroll over dei tinga som er kontrollerbare i kvardagen. Dei kjennar seg ofte igjen i ord som ”kontrollfrik”.

Vanskar med å sei nei og grensesetting
Det å bli utsett for seksuelle overgrep handlar om å bli utsett for makt frå eit anna menneske. I ein overgrepssituasjon hjelper det sjeldan å sei nei. Ein overgripar har allereie bestemt seg for å gjennomføre overgrepet. Mange kan ubevisst tenke: ”Kva er vitsen med å sei nei, eg vert ikkje høyrd likevel”. Når ein har vanskar med å sei nei, har ein og vanskar med å sette grense for seg sjølv og andre.

Vanskar med å sei ja til gode ting (mistenksam)
Seier den utsette ja til noko som følast godt, kan ofte tankar som: ”Kva må eg gje/yte tilbake?”, eller ”kva prøver han/ho og oppnå?” melde seg. Mange vert mistenksame og følar mistillit til andre menneske rundt seg.

Seksuelle problem
Seksualitet kan for mange som har opplevd overgrep by på utfordringar. På den eine sida har vi dei som lev uforsiktig og har eit utsvevande sexliv, og på den andre sida av skalaen finnast dei som ikkje orkar å forhalda seg til sex. Nokon let vere å ha eit seksualliv, eller andre ”held ut” under akta fordi ein føler at partnaren har krav på sex. Alle gradar finnast, og nokon har også eit heilt uproblematisk forhold til si eiga og andre sin seksualitet.

Tannlegeskrekk
I arbeid med seksuelt misbrukte har ein over tid sett at mange har slitt med tannlegeskrekk. Når ein har gått nærare innpå kvifor, har ein sett eit mønster som er gjentakande hos dei fleste. I utgangspunktet handlar det ikkje om smerta med å vere i behandling hos tannlegen, men det er situasjonen som er skremmande og kan minne om overgrepssituasjonen der ein også gir frå seg kontroll. Pasienten (den som har vert utsett for seksuelle overgrep), vert lent tilbake i ein stol, ofte med ein smekke med kjetting rundt halsen og med ein person som bøyar seg over og skal behandle ein i munnhola, heilt utan at pasienten sjølv har kontroll over situasjonen, eller utan å ha noko moglegheit for å komme seg unna. For menneske som har opplevd orale overgrep, kan dette kjennast ekstra belastande.

Andre seinverknader kan vere depresjon, angst eller andre psykiske og somatiske plagar og sjukdommar.

Kva seinverknader, og omfang av desse, er avhengig av mange faktorar:

  • alder ved overgrepstidspunkt
  • overgrepets utstrekking i tid
  • tidlegare erfaringar
  • familietilhøve generelt
  • kven er overgripar og kor mange overgriparar
  • bruk av vold/trugsmål
  • overgrepet sin art
  • omfang, hjelp og støtte i samband med avdekking

Ein kan ikkje skilje mellom alvorlege og mindre alvorlege overgrep utelukkande ut frå handling; det må også takast omsyn til relasjon mellom overgripar og offer, tal krenkingar og krenkarar, alder osb. Det er eit komplisert bilete der skadeverknader er avhengig av langt fleire tilhøve enn den faktiske handlinga barnet har vore utsett for (Sætre 1997).

PTSD (Post Traumatic Stress Disorder)

Forsking viser at PTSD vil vere framtredande for dei fleste som har opplevd eit traume umiddelbart etter hendinga. Etter 3 månader vil om lag halvparten framleis ha dei same symptoma. I dei tilfella symptoma vert vedvarande, vil det vere behov for behandling eller hjelp til å bearbeide symptoma. Det er likevel viktig å hugse på at 20-44% av utsette barn ikkje har symptom eller tilpassingsvanskar i vaksen alder.

4 hovedelement:

  • Gjenoppleving av traume (i form av påtrengande minne, bilete, flashback)
  • Unngåelsesåtferd (prøve å unngå alt som minner om traumet)
  • Nummenheit og depresjon
  • Hyperaktivering (irritabilitet, eksplosivt sinne, vere i beredskap, konsentrasjonsvanskar, søvnvanskar)

Vaksne som har opplevd traume i oppvekst er meir mottagelege for PTSD etter traumatisk oppleving i vaksen alder (Putam 1997, Shalev og Bargai 1999)

Dissosiasjon (oppsplitting) 3 mulige funksjonar (iflg Putam)

  • Automatisering av åtferd
  • Utskiljing og isolering av informasjon og affekt
  • Endring av identitet og framandgjering av sjølvet

Individet beskyttar seg mot å bli overvelda og øydelagt av uhåndterleg og ekstremt smertefulle opplevingar (psykiske og fysiske).

Svangerskap, fødsel og barsel

For nokre kvinner som har vore utsett for seksuelle overgrep, kan svangerskap, fødsel og barsel bli ei utfordrande tid. Graviditeten kan opplevast som ein sårbar fase kor tidligare livshendingar vert reaktivert og vert meir synlege. I svangerskapet skjer det òg vekst og kroppsleg endring, som den gravide sjølv ikkje kan kontrollere. Denne mangelen på kontroll over eigen kropp kan opplevast som utfordrande for mange. Den gravide kan også oppleve auka bekymring for det ufødte barnet.

Det er viktig at ein søkjer råd og hjelp dersom ein byrjar å kjenne sterk bekymring eller usikkerheit knytt til svangerskapet. Av erfaring veit vi at god dialog med helsepersonell i eit tidlig stadium av svangerskapet er viktig.