Definisjonar

Kva er seksuelle overgrep?

Det finnast fleire definisjonar på seksuelle overgrep. Når vi brukar omgrepet seksuelle overgrep famnar det incest, valdtekt og andre seksuelle krenkingar.
Senter mot incest og seksuelle overgrep i Sogn og Fjordane legg til grunn ein brei definisjon:

«Seksuelle overgrep er fysisk og/eller psykisk utnyttelse av barn eller voksnes seksuelle integritet».

Vi tenkjer at det er viktig å framheve at seksuelle overgrep skjer uavhengig av kjønn, relasjonar og alder både på overgripar og den som har opplevd overgrep. I tillegg skil vi ikkje på kva seksuelle handlingar som er utført eller kor lenge overgrepa har gått føre seg.
Undersøkingar synar at 97 % av overgrepa som skjer, skjer mellom partar som kjenner kvarandre i ein eller anna grad, og at det ovanfor barn stort sett handlar om vaksne som barnet har eit tillitsforhold til.

• Det er overgrep sjølv om den vaksne ikkje fysisk tek på barnet, men får barnet til å utføre seksuelle handlingar på den vaksne eller på andre barn.
• Det er seksuelle overgrep om barn må sjå på vaksne som utfører seksuelle handlingar på kvarandre enten det er på film eller i verkelegheita.
• Det er overgrep sjølv om det ikkje brukast vald, og sjølv om barnet ikkje motsett seg handlingane.

Lovverket skil mellom seksuell krenkande åtferd, seksuell handling og seksuell omgang.

Seksuell krenkande åtferd kan vere blotting, visning av pornografi eller «grisesnakk» og anna.

Seksuell handling inneber fysisk kontakt. Ta på intime kroppsdelar som bryst og kjønnsorgan.

Seksuell omgang inneber fysisk kontakt og penetrering oralt, vaginalt eller analt med fingre, gjenstandar eller kjønnsorgan. Samleie.

Seksuelle overgrep inngår i straffeloven

Kva er incest?

Ein snever definisjon av incest inneber seksuelt samkvem mellom barn og deira biologiske foreldre eller beste- eller oldeforeldre. Dette omfattar også søskenincest. Frå eit sosialpsykologisk ståstad vil det ofte visast til eit utvida incestomgrep som inkluderer alle som innehar ei foreldre rolle eller ein liknande omsorgsrolle ovanfor barnet.

Senteret tek utganspunkt i Borchgrevink og Christies (1991:15) definisjon av incest. Denne lyd slik:

Incest er fysisk og psykisk krenkelse av barn og unges seksuelle integritet, begått av noen de står i et avhengighetsforhold til, skapt av nær sosial familietilknytning.

Vi meiner at avhengigheitsaspektet ikkje treng å innebere ein direkte avhengigheit i form av forsørgjar- eller oppdragarrolle. Vi er opptekne av sosial avhengigheit. Med dette meiner vi at bornet ikkje sjølv kan velje når han eller ho skal møte overgripar.

Kva er valdtekt?

I lov om straff (§ 291) definerast valdtekt som:
a) seksuell omgang ved vold eller truende atferd
b) seksuell omgang med noen som er bevisstløs eller ute av stand til å motsette seg handlingen eller
c) at man ved vold eller truende atferd får noen til å ha seksuell omgang med en annen eller til å utføre tilsvarende handlinger med seg selv.

Vidare står det i lova (§ 292) at det er straffbart dersom valdtekta omfatta:
a) innføring av penis i skjede- eller endetarmsåpning
b) innføring av penis i fornærmedes munn
c) innføring av gjenstand i skjede- eller endetarmsåpning, eller
d) fremkalling av tilstand som nevnt i § 291 b) for å oppnå seksuell omgang.