Barn sin seksualitet
Kva er normal seksuell aktivitet?
0-6 år
Barn vert tidleg oppteken av sitt kjønnsorgan og kan nyte og ta på dette. Dette skjer vanlegvis frå 2-års alder. Dei er opptekne av kvarandre sine kjønnsorganer (sterkast frå 3års alder) og dei leikar ein del lekiar for å utforske kjønnet (for eksempel doktor leik). Ein del barn brukar også seksuelle ord og ein stor del av barna prøver og å ta på mor sine eller andre kjente kvinner sine bryst og far sitt kjønnsorgan. Det er uvanleg at barna prøver å berøre genitalier til folk utanfor familien eller at dei ber vaksne om å ta på barna sitt kjønnsorgan.
7-12 år
- Leik med kyssing og klemming
- Vise seg fram
- Berøring av andre sine kjønnsorgan
- Seksuell eksperimentering med andre barn av same kjønn
- Doktorleik
- Songar og teikningar med seksuelt innhald
- Romantiske fantasiar, seksuelle fantasiar
- Sexprat
12 – 16 år
- Masturbering/berøring, i blant i fellesskap, med same og/eller det andre kjønn
- Oppteken av kropp, utsjånad og sminke
- Nysgjerrigheit i forhold til pornografi og seksuelle teikneseriar
- Seksuell debut gj.sn 16-18 år (Norge: jenter 17,5, gutar 18.3år)
- Hyppig skifte av partnar
Kva er normal seksuell leik mellom barn?
- Den er motivert ut frå gjensidig nysgjerrigheit
- Den er lystbetont for begge partar
- Den er prega av felles utforsking; den har ein karakter som forventa ut frå barnet sin alder
Når er barn sin leik overgrep?
- Når det er mangel på gjensidigheit – den eine har makt over den andre
- Når den er ulystbetont for ein av partane
- Når den er prega av ein vaksen måte å leve ut seksualiteten på (inntrenging i kroppen sine holrom, slikking/suging av kjønnsorgan)