Filmen «Trøbbel»

Trøbbel er ein film som er meint å vere førebyggande og avdekkande i samband med overgreps-problematikk.

Filmen vart i 1986 vist for første gong på NRK barne-tv. Den medverka til at mange barn som vart utsett for seksuelt misbrukt våga å fortelje om overgrepa.

Dersom du har sett Trøbbel filmen, og sit igjen med en kjensle av at du har noko som er trøbbel i livet ditt er det viktig at du tek kontakt med nokon. Du kan ta kontakt med nokon du stolar på, det kan vere mamma/pappa, besteforeldre, onkel/tante, ein lærar, ei helsesøster eller nokon andre. Du kan også ringe oss på Smiso SF, vårt telefon nummer er 57 72 10 70, så kan vi snakke med deg om det som er vanskeleg. Det viktigaste er at du får snakke med nokon, og får fortalt om det som er vanskeleg.

Det kan hende du veit om eller tenkjer at nokon andre rundt deg har det vanskeleg. Du kan då vere med å hjelpe den du tenkjer på ved å ta kontakt med nokon og fortelje om det du er uroleg for.

Dersom du ikkje vil det sjølv så treng du ikkje å fortelje navnet ditt eller navnet til den du er uroleg for.