Barn og unge

Teikn og symptom

Under halvparten av barna som blir utsett for seksuelle overgrep, fortel dette til nokon i nær tidsmessig tilknyting til overgrepet.

Det er viktig at dei vaksne som er rundt barn kan noko om teikn og signal barn kan vise når dei vert eller har vore utsett for overgrep.

Nedanfor vil du kunne lese om nokre av desse. Det er viktig å vere medviten om at ein kan ha nokre av desse teikna eller signala utan å ha vore utsett for seksuelle overgrep.

Dei aller fleste signal/reaksjonar kan handle om noko anna enn seksuelle overgrep. Når ein ser etter etter teikn til seksuelle overgrep, er det viktig å sjå etter kombinasjonar av uttrykk. Signal må utforskast nærare.

Seksuelt misbrukte barn kan også være symptomfrie og ikkje signalisere noko.

Er du ung og ikkje ønskjer å kontakte oss kan du lære meir på ung.no 

Barns uttrykksformer

  • Dei fortel om overgrep med reine ord
  • Dei kjem med antydingar eller doble bodskapar
  • Dei uttrykkjer seg gjennom teikning, påfallande stilar, leik/åtferd med seksuelt innhald, kroppsspråk
  • Dei endrar åtferd og/eller sinnstilstand, viser teikn til mistrivsel
  • Når overgrepa har starta tidlig, kan barna ha hatt kontinuerlige problem

Barn sine fysiske teikn og signal

Små barn 0-2 år:

  • Angst under stell og bleieskift
  • Generelt engstelege, klamrande, sutrande og sinte
  • Skriketokter og/eller panikkanfall
  • Forstyrra søvnmønster
  • Generelle teikn på mistrivsel

Barn 3-5 år:

  • Fortel med ord
  • Gir uttrykk for at det er noko som dei ikkje torer, kan eller vil snakke om
  • Smerter i mage og/eller hovudet
  • Smerter og sårheit i underlivet (utan ytre teikn)
  • Problem med vannlating/avføring etter at dei har blitt reinslege
  • Hyppige mareritt der barna blir paniske eller utilgjengelege for trøyst
  • Fjerne og stirrande i periodar
  • Fortviling, angst og depresjon
  • Problem med å ete (oralt; mat som liknar)
  • Seksualisert åtferd som er uvanlig hyppig

Barn 6-12 år:

  • Symptom som nemnt ovanfor kan vedvare oppover i aldersrekkja. I tillegg kan barn frå 6 – årsalderen kunne gje uttrykk for følgjande:
  • Psykisk vondt
  • Har ikkje lyst til å leve, kan uttrykkje at dei har eit vanskeleg liv, eller truar med å ta livet sitt
  • Sterk skam – og skuldkjensle kan oppstå og bidra til at dei isolerer seg frå andre barn
  • Lukka, avflata og mimikkfattige, innadvendte og deprimerte
  • Aggressive, vanskelege og/eller hyperaktive
  • Lærevanskar (frå milde konsentrasjonsvanskar, til språkvanskar, til å verke psykisk utviklingshemma utan å vere det)
  • Dei kan pendle mellom ulike typar ekstrem åtferd, til dømes frå å vere småbarnsleg og klamrande til å vere sinte og anklagande
  • Dei kan bli uføreseielege, høyre stemmer, føle seg dirigert av fantasipersonlegheiter, ha lange perioder med fjernheit, leve ut to ulike identitetar. Dette kan være barn som dissosierer, dvs splittar opp verda si for å overleve
  • Stikk seg bort, kanskje for å unngå stimuli som minner om overgrepssituasjonen
  • Kan la seg utnytte seksuelt
  • Forvirring i høve kjønnsrolla. Gutar som er misbrukt av menn, kan føle seg som jenter. Mange av desse vil skjule dette ved å vere utagerande. Nokon blir redde for homofile, skjeller ut folk dei oppfattar som homofile, eller fryktar at dei sjølv er homofile. Andre kan byrje å oppsøkje menn og utsette seg for nye overgrep. Enkelte jenter som blir misbrukt vil ikkje vere jenter,  og prøver å bli som gutar. Andre vil prøve å bli hyperfeminine. Nokon kler seg utfordrande og sminkar seg tidleg, ofte på ein overdriven måte.
  • Hygieneproblem(nektar å dusje, vil ikkje dusje saman med andre, ignorerer personlig hygiene, tvangsmenssig opptatt av å vere rein).

Pubertet og ungdomsalder:

  • Tidleg seksuell debut, prostitusjon/promiskuøs åtferd og rusmisbruk
  • Synkande skuleprestasjonar
  • Jenter vil kunne kle og oppføre seg utfordrande
  • Innblanding i kriminelle aktivitetar
  • Sjølvmordsfare blir meir uttalt i denne aldersgrupppa
  • Sjølvskading
  • Rømming heimanfrå- spesielt når overgrep førekjem i heimen.
  • Forgripe seg seksuelt på jemnaldrande eller yngre barn
  • Utviklar eteforstyrringar, fortrinnsvis bulimi
  • Dissosiasjonssymptom som skildra for aldersgruppa 6-12 år kan bli tydelegare og meir utvikla
  • Angst- og tvangslidingar, depresjonar og psykoser.

Seinverknader

Vi presenterer her nokre døme på seinverknader etter incest eller andre seksuelle overgrep. Det vil seie at det ikkje er slik at alle vil ha alle desse seinverknadane, og at nokon vil kunne ha seinverknader som ikkje er nemnt.

Vi tek utgangspunkt i dei seinverknader FMSO (2009) trekkjer fram som dei mest sentrale:

  • Utryggheit
  • Manglande tillit til menneske
  • Lita tru på eiga evne til å meistre, og lågt sjølvbilete
  • Kroppslege problem, muskelspenningar, spesielt i mage, underliv og kjeve
  • Energitap og dårleg immunforsvar
  • Sjølvskading og sjølvdestruktiv åtferd
  • Eteforstyrringar
  • Psykiske problem og psykosomatiske tilstander
  • Vanskeleg tilhøve til eigen kropp, nærleik og seksualitet
  • Vanskeleg å grensesette feks ved sinne og ved sjølvoppofring
  • Skam og skuldkjensle
  • Rastlausheit og konsentrasjonsvanskar
  • Depresjon, angst og sosial angst
  • Kjensle av å vere annleis
  • Identitetsforvirring og redsel for å bli gal
  • Isolasjon
  • Stort kontrollbehov
  • Problem med oppleving av eiga kjønnsrolle
  • Hallusinasjonar
  • Søvnvanskar og mareritt
  • Kjensle  av å vere skitten, ekkel, øydelagt og/eller pervers
  • Bagatellisering av overgrep
  • Ønskje om å forsvinne og suicidalitet
  • Tendens til å bli offer på nytt
  • Utvikling av overgrepsåtferd og ein aggressiv, konfliktskapande veremåte
  • Dissosiative lidingar og hukommelsesproblem
  • Posttraumatisk stressliding(PTSD)