Avdekke overgrep

Dersom du er bekymra for om eit barn lev i overgrep MÅ du snakke med nokon. Du kan ta kontakt med senteret om du ønskjer råd eller rettleiing.

Det er svært sjeldan at barn som lev i overgrep fortel dette til nokon med ord, men ofte kan dei gje oss andre hint som gjer at vi må reagere og undersøkje nærare. Hugs det kan vere DU som er den «utvalde» for å hjelpe nokon ut av overgrep.

Kvifor fortel ikkje born om overgrep?

  • Minnet om overgrepa er avspalta eller uvirkelig
  • Barnet fryktar den voksne sin reaksjon
  • Barnet frykter konsekvensane av å fortelje
  • Dei er redde for ikkje å bli trudd, forstått eller få hjelp
  • Dei føler seg forlegne, skamfulle, skuldbetynga og skitne
  • Barnet er under trugsmål
  • Barnet forstår intuitivt at det ikkje skal fortelje
  • Barnet har ikkje ord
  • Barnet ser inga løysing
  • Seksualiteten er tabubelagt i kulturen
  • Ingenting skjedde!

Her kan barn og unge få rettleiing frå den offentlege helseportalen om korleis forhalde seg ved vold og overgrep.

Du kan òg ta kontakt med Barnehuset i Bergen – Region Vest

Statens Barnehus Bergen, Allehelgensgate 4, 5016 Bergen

e-post: post@barnehuset.net

www.statensbarnehus.no

Her kan du lese meir om barnevernet si rolle ved mistanke om overgrep under samver: Veileder om barnevernets rolle ved mistanke om overgrep under samvær.