Happy pride #SoFjoPride2020

Frå venstre; Siv Holme, Trude Lundekvam, Elin Vie, Chatrine Elholm. Ikkje til stade; Siri O. Haugland

HAPPY PRIDE! Sjølv om det ikkje vart den markeringa vi alle hadde håpa på så er det viktig å vete at vi alle står bak og støttar. Pride synleggjer grupper som bryt med normer for kjønn og seksualitet, markerer samhald, solidaritet, respekt og toleranse og uttrykk alle sin rett til fritt å velgje si eiga identitet. Alle folk skal vere stolte av sin seksuelle orientering og kjønnsidentitet. Gjennom fellesskap, openheit og stoltheit har homofile, lesbiske, transpersonar og andre kjempa mot homofobi, forbod og trakassering og for eiga frigjering og likestilling.

For oss på Smiso SF (Senter mot incest og seksuelle overgrep Sogn og Fjordane) er det viktig å formidle at vi er eit senter for ALLE. Har du opplevd overgrep, seksuell trakassering, er partnar til nokon som har opplevd overgrep – ta kontakt, saman kan vi finne vegen vidare. 

Kontaktinformasjon:                                                 

Smiso SF, Hornnesvegen 1, Førde

Tlf: 57 72 10 70

E-post; post@smiso-sf.no

Heimeside; https://www.smiso-sf.no/