Førebyggjande arbeid

Vald og overgrep er ein del av mange barn si kvardag og oppvekst. Barn som vert utsett for vald og overgrep vil kunne pregast av desse erfaringane resten av livet. Det er stor risiko for at barn som vert utsett for overgrep vert utrygge og får redusert helse og livskvalitet også i vaksen alder. Det er eit samfunnsansvar og sørgje for at barn veks opp i gode og trygge omgjevnader. Basert på forsking, erfaringar og råd frå overgrepsutsette barn, viser det seg som svært viktig og gjere temaet kjend på eit tidleg tidspunkt. Det vi snakkar om kan vi gjere noko med. Smiso SF brenn for førebyggjande arbeid og ønskjer å kunne bidra bredt på det førebyggjande feltet.

Føredrag

Mange yrkesgrupper, arbeidsplassar og utdanningsinstitusjonar ønskjer meir informasjon og undervisning om incest/seksuelle overgrep og om senteret si verksemd. Vi kjem gjerne og held føredrag om dette. Smiso SF ønskjer å bidra til auka kunnskap om overgrep og konsekvensane det kan få. Ta kontakt om de ønskjer å få besøk av oss, vi prøvar å skreddarsy opplegg slik at det skal bli mest mogleg matnyttig for dei som tek kontakt.

Til barnehagetilsette

Barna i fokus – vårt ansvar
Dei siste års media fokusering synar eit skremmande bilete av overgrep mot barn. Nesten dagleg rullar nye overgrepssaker over TV skjermen, vi kan lese om det i avisa eller høyre om det i radio. Desse sakene rystar oss alle. Omfanget av seksuelle overgrep er i dag så omfattande at Verdens helseorganisasjon (WHO) definerer det som eit av dei største folkehelseproblema vi har i dag. NOVA kom i 2016 med ein ny rapport som synar at kvar 7. jente og kvar 14. gut i Noreg har opplevd alvorlege seksuelle overgrep før fylte 18 år. Størstedelen av overgrepa er utført av nokon som barnet kjenner. Vi veit at dei fleste overgrep nettopp startar i barnehagealder, difor ønskjer vi å rette fokus mot barnehagane.
Smiso SF ønskjer å tilby barnehage tilsette i kommunane i fylket eit føredrag som vi kallar:

Fagpersonar si rolle i møte med overgrepsproblematikk

På dette føredraget kan vi blant anna snakke om;
● Kven er Smiso, og kva gjer vi?
● At seksuelle overgrep finst, også rundt deg
● Kva er seksuelle overgrep, korleis opplevast det og kva konsekvensar det har
● Kva skal vi sjå etter?
● Korleis skape rom for barn til å kunne fortelje
● «Hjartesamling». Konkrete tips til «samlingsstund» – er det mogleg å snakke om desse tema i barnehagen?
● Vete kva ein skal gjere og kva rolle ein har.
● Vere ein signifikant/viktig vaksen – ver modig

Hjartesamling er ein metode utvikla for å gje barn språk og verktøy til å fortelje om det som er vanskeleg. Metoden er utvikla av barnehagelærar Mats Alexander Johansen i samarbeid med Smiso Troms, det er eit førebyggjande arbeid mot vald og seksuelle overgrep.
Samlingane er lagt opp etter 5 tema som alle er viktige trinn i utviklinga av språk og forståing som gjer det mogleg for barna å sei ifrå. Vi tilrår at ein minst ein gong i året går gjennom desse tema, og at ein gjer denne type samtalar og tema til ein del av kvardagen i barnehagane sin profesjonelle praksis.

Tema i rekkjefølgje:
1. Berøringar
2. Kjensler
3. Mobbing
4. Hemmelegheiter
5. Kroppen

Vi har diverre ikkje kapasitet til å gje dette tilbodet til ein og ein barnehage, men om barnehagane i din kommune kan samlast om ein felles dato, så kjem vi gjerne. Tilbodet er gratis. Barnehagane/kommunen må stille med lokale, og organisere det praktiske rundt det å få samla alle til eit felles føredrag. Vi ønskjer i utgangspunktet at det vert sett av minimum 3 timar.

Er dette noko barnehagane i din kommune ønskjer, ta kontakt på tlf 57721070, eller pr e-post; post@smiso-sf.no

Undervisning i grunnskulen

Smiso SF har sidan 2013 gitt tilbod til grunnskulane, primært 6. trinnet om førebyggjande undervisning om blant anna temaet incest og seksuelle overgrep.

La oss snakke om det
Undervisningsopplegget Smiso SF bruker er utvikla av Incestsenteret i Vestfold. Det er evaluert av Tønsberg kommune og seniorrådgjevarar frå Barneombodet, og kvalitetssikra av RVTS.

Våre mål for undervisninga er:

• Å nå barn som lev i eller har opplevd seksuelle overgrep og anna type familievald slik at dei kan få hjelp til å stoppe det vonde dei lev i, takle eigne kjenslar, samt setje ord på og arbeide med det dei har opplevd. Redusere eventuelle seinskadar.
• Å førebyggje at barn vert utsett for seksuelle overgrep og anna type familievald ved å bevisstgjere og styrke barna sin kunnskap.
• Å heve kompetansenivået hos lærarar og andre som arbeidar med barn i forhold til dette temaet.
• Å forhindre potensielle overgriparar i framtida ved å snakke med barna om korleis ein person opplev det og bli utsett for overgrep.
• Å synleggjere for dei som forgrip seg på barn at vi er ute på skulane og informerer barn om seksuelle overgrep.

Undervisninga omfatter temaene;

  • Gode og vonde berøringar
  • Gode og vonde hemmelegheiter
  • Kropp, sex og private områder
  • Seksuelle overgrep og incest
  • Porno, og kva ein kan oppleve på nett og sosiale media
  • Skilsmisse, rus, vald, psykisk sjukdom i heimen
  • Trygge vaksne
  • Å vere ein besteven

Vil har ein brosjyre om undervisninga vår her. Vil du lese meir om det teoretiske grunnlaget for undervisninga, så finn du meir informasjon her

Etter undervisninga får barna ei informasjonsbrosjyre, sjå her

Til russen i fylket

Russetida skal vere ei kjekk tid, og vi ønskjer at all russ skal sitte att med gode minne frå denne tida. Diverre opplev vi kvart år å få inn personar som har opplevd valdtekt i russetida. Vi veit at 40% av alle valdtekter i Noreg er festrelaterte og blir utført av nokon ein kjenner. Kan vi gjere noko for å hindre at dette skal skje? Det hjelper i alle fall ikkje å sitte på gjerdet og vente, ein må snakke om det. Vi ønskjer å kome til skulane for å halde ein appell og vise ein video, nokre år delar vi og ut boksarshortsar til russen. På gutane sin boksar står det ; «Eg tek ansvar», på jentene sin står det; «Spør meg først».

Dersom din skule ønskjer besøk av Smiso SF i russetida, ta kontakt.