Vår ideologi

Det er eit samfunn sitt ansvar å bøte på dei skadene seksuelle overgrep medfører for den enkelte som blir utsett. På samme måte som det er eit samfunnsansvar å vere medviten om på kva måte denne hjelpa best kan ytast, og korleis seksuelle overgrep effektivt kan førebyggast. Smiso SF er ein del av dette arbeidet.

Ein er ekspert på eige liv, i tydinga den veit best kvar skoen trykker som har den på.  Å verte utsett for seksuelle overgrep og å vekse opp i ein røyndom der seksuelle overgrep begått av barnet sine næraste er ein konstant trussel, ein ekstrem livssituasjon som krev motstrategiar for å overleve.

Smiso ser på symptom og seinverknader som overlevingsstrategiar som livreddande i ein ekstrem livssituasjon. Vi ønskjer ikkje at desse strategiane skal verte plassert på den enkelte som sjukdom, forstyrringar eller psykiatriske diagnoser. Når vilkår i livet vert endra for den enkelte i vaksen alder, må innlærde overlevingsstrategiar bytast ut med meir egna reaksjonsmønster og bevisste val for å leve eit godt liv. Mykje av bakgrunnen for opplevinga av skam, skyld og isolasjon handlar om hemmeleghalding av overgrep.

Smiso SF ønskjer å bidra til eit betre samfunn utan vald og overgrep!