Kven vi er

Smiso er eit støttesenter organisert som ei privat stifting støtta av det offentlege. Våre tilsette har relevant fagutdanning og lang erfaring i møte med menneske og  pårørande i vanskelege fasar av livet.

Vi er eit tilbod til

  • Alle som har opplevd incest eller seksuelle overgrep.
  • Partnarar og pårørande til overgrepsutsette.
  • Offentleg hjelpeapparat, skule og andre som har behov for rådgjeving og informasjon om seksuelle overgrep.

Sjølvhjelp

Smiso har eit menneskesyn som byggjer på prinsippet om at evna til heling ligg i personen sjølv. Smiso fokuserer på den enkelte sine ressursar til sjølv å ta styring over eige liv.

Incest skal talast i hel – ikkje teiast i hel

Incest og seksuelle overgrep er eit av Noregs største folkehelseproblem. Vi jobbar ut i frå at
«Incest skal talast i hel – ikkje teiast i hel». Dette gjeld både i høve den enkelte brukar av senteret, og i høve utadretta arbeid.