Velkomen til deg som ny brukar

Til deg som nett har teke kontakt med eit senter mot incest og seksuelle overgrep.

Velkomen som ny brukar

Du har no hatt ditt første møte med eit senter mot incest og seksuelle overgrep. Kanskje er du ein av dei som lenge har tenkt å ta kontakt med nokon, eller trudd at du må klare deg sjølv fordi du ikkje visste om nokon du kunne kontakte. Uansett er vi som jobbar her ved senteret glad for at du har teke kontakt. Vi veit at det har kosta mykje å ta dette første steget hit til oss.

Her vil du få nokon å snakke med om det du har opplevd. Vårt mål og ønskje er å vere til støtte for deg i den prosessen det er å arbeide med dine opplevingar.

Kva vil det seie å vere ein brukar?

Du og alle andre som kjem til eit senter for å få støtte blir omtalt som brukarar. Du som ønskjer hjelp kan mykje om eigne vanskar, og tilsette på senteret kan mykje om å hjelpe. Det vil seie at begge er ekspertar på sine felt, og at begge har noko viktig å bidra med for å lukkast.

Dess meir du vert i stand til å hente fram eigne ressursar og drivkrefter, dess meir kan dei tilsette ta i bruk av sin kunnskap.

Du vil med andre ord vere ein aktiv brukar av dei moglegheitene som finnast, både i deg sjølv og på senteret.

Senter mot incest og seksuelle overgrep

Eit senter mot incest og seksuelle overgrep er ein stad der kvinner, menn og ungdom som har vore utsatt for seksuelle overgrep får moglegheit til å arbeide med det dei har opplevd. Sentera er også opne for pårørande og partnarar til utsette, og nokon senter har i tillegg grupper for barn.

Sentera mot incest og seksuelle overgrep har som eit av sine mål å bekjempe incest og seksuelle overgrep ved å drive førebyggjande arbeid, slik som undervisning og anna opplysningsarbeid i samfunnet.

Det finnast senter over heile landet, med ulike navn. Nokon heiter Senter mot incest, andre heiter Senter mot incest og seksuelle overgrep, eller berre Senter mot seksuelle overgrep. Ei liste over sentera finnast på nettsida vår. Sjølv om navna varierer jobbar vi på same måte, og du står fritt til å kontakte kva senter du måtte ønskje.

Sentera arbeidar etter ideologien hjelp til sjølvhjelp. Vi legg til rette for hjelp til sjølvhjelp gjennom dei ulike tilboda vi har, og er medvitne på at du som brukar skal vere med å bestemme i alt som omhandlar deg.

Dei fleste sentra er medlem av paraplystiftinga Fellesskap mot seksuelle overgrep, forkorta FMSO. FMSO er bindeledd mellom sentera, sentrale myndigheiter og samfunnet generelt, samt eit felles talerør i forhold til riksdekkande media. Du kan lese meir om FMSO på www.fmso.no.

Alle medlemssentera er opne for kvinner og menn. Dei er også religions- og partipolitisk nøytrale.

Det er ikkje lov å vere påvirka av rusmidlar (alkohol og narkotiske stoff) når du oppsøkjer eit senter.

Dei tilsette

Dei tilsette du møter ved sentera har utdanning, kunnskap og erfaring i å møte menneske som har vore utsett for seksuelle overgrep, og kjenner til dei seinverknadene mange overgrepsutsette strevar med.

Ideologi – Hjelp til sjølvhjelp

FMSOs medlemssenter arbeider med sjølvhjelp som ideologi. En ideolog kan vere ein felles oppfatning, eller ein samanhengande og omfattande visjon.

For mange overgrepsutsette vil det på eit eller anna tidspunkt vere behov for å få hjelp og støtte, enten det er ved eit senter mot incest og seksuelle overgrep eller i det offentlege hjelpeapparatet. Det å erkjenne at du slit og treng hjelp, for så å bruke eigne erfaringar til å mobilisere ibuande krefter slik at du får eit betre liv, er å rekne som sjølvhjelp. Sjølvhjelp er å finne fram til kunnskap, erfaring og andre ressursar du ikkje er klar over at du har, for så å våge å stole på – og å bruke – desse. Ved å tru på seg sjølv og eigne evne kan du endre eigen livskvalitet med hjelp og støtte utanfrå.

Sjølvhjelp er ein god ressurs for alle menneske. Sjølvhjelp er basert på den kunnskap ein allereie har, men ofte ser bort frå. Sjølvhjelp er å ta eigne følelsar og opplevingar på alvor, verdsette dei og ta dei i bruk gjennom eigne endringsprosessar (Norsk selvhjelpsforum, 2009).

Sjølvhjelp skil seg frå andre måter å jobbe på fordi sjølvhjelp baserar seg på aktivering av kunnskap hos den einskilde og ikkje kunnskap utanfrå. Kvart einskild menneske si erfaring og problemkunnskap ser ein på som ein ressurs ikkje berre for å styrke personen sjølv, men også som viktig for samfunnet i utviklinga av fellesskapet.

Det krever mot å innse at det er opp til oss selv å håndtere de hendelsene livet utsetter oss for! (Helsedirektoratet, 2004).

Brukar-til-brukar kontakt

På sentera vil du møte andre som har vorte utsett for seksuelle overgrep. Mange brukarar fortel at det er ein stor trøst og styrke for dei å oppleve at dei ikkje er dei einaste som tenkjer, handlar og føler som dei gjer.

Tilboda ved sentera

Du treng ikkje tilvising frå lege eller andre i det offentlege hjelpeapparatet for å kontakte eller kome til eit senter. Tilboda ved sentera er i all hovedsak gratis.

Det er mange ulike tilbod ved sentera, og det er opp til deg å velge kva du ønskjer å nytte deg av. Dei vanlegaste tilboda er samtalar på senteret eller pr telefon, støttegrupper/sjølvhjelpsgrupper, temamøter, innomstikk/åpent hus og andre tilbod retta mot bestemte emneområde som eksempelvis kreativitet og helse/velvære. Her er ei kort beskriving av dei vanlegaste tilboda:

Samtalar

Individuelle samtalar kan avtalast med dei tilsette ved å ta kontakt over telefon eller ved å møte opp på senteret. I dei individuelle samtalane kan du snakke aleine med ein tilsett om det som opptek deg. Det er også moglegheit for å ha samtalar saman med eit familiemedlem eller ein anna person du ønskjer å ha med i ein samtale. I ein slik samtale vil det vanlegvis vere to tilsette med frå senteret.

Støttegrupper/sjølvhjelpsgrupper

Å vere med i ein støttegruppe/sjølvhjelpsgruppe gjev deg eit høve til å møte andre som også har vore utsett for incest/seksuelle overgrep. Her delar ein tankar og erfaringar med andre, og ein får gjensidig støtte.

Temamøter

Temamøter brukast til å gje større kunnskap og innsikt i viktige emne. Dette er ein arena der du kan stille spørsmål rundt temaet som takast opp, men ikkje eit forum der ein snakkar mykje om personlege ting. Nokon temamøter vert leia av dei tilsette ved sentera, medan andre leiast av eksterne føredraghaldarar.

Innomstikk/opent hus

Mange senter har spesielle tidspunkt der ein kan komme innom utanom avtale, både på dagtid og/eller på kveldstid. Hensikta med et slikt tilbod er at du treffer andre brukarar ved senteret og tilsette for sosialt samvær i trygge omgjevnader. Kaffi, te, aviser, internet tilgang, hobbyartiklar og liknande er ofte tilgjengeleg.

Ved senteret du no har oppsøkt finnast det meir informasjon om dei ulike tilboda nettopp dette senteret har, og du kan også lese om det på sentera si eiga nettside.

Praktisk informasjon

Anonymitet

Sentera si erfaring er at mange som har opplevd seksuelle overgrep ikkje ønskjer at andre skal få vete at dei er i kontakt med eit senter. Vi vil difor ikkje helse på deg dersom vi møtast utanfor senteret, med mindre noko anna er avtalt. Dersom du helser, helser vi sjølvsagt tilbake.

Det førast ikkje journal ved sentera, det du vel å dele med de tilsette blir ikkje skreve ned eller arkivert. Sentera er derimot pålagt å føre statistikk over antall brukarar, denne er anonym.

Taushetsplikt

De tilsette ved sentera har teieplikt tilsvarande Forvaltningslova § 13.

Som bruker av eit senter har også du teieplikt, men denne er ikkje lovfesta som for dei tilsette. Enkelte senter har derimot ei moralsk teieplikt som vi ønskjer at du som brukar underteiknar.

Sentera framhevar holdninga om at vi snakkar til kvarandre og ikkje om kvarandre, slik at det også her føreligg ei gjensidig teieplikt.

Teieplikt  for dei tilsette gjelder også ved telefonhenvendingar. Dette vil seie at pårørande, fagfolk eller vener som eventuelt ringer for å snakke om eller spørje etter ein konkret brukar ikkje får vete noko av dei tilsette. Dei vert då informert om teieplikta i forhold til enkeltbrukarar, men at vi kan bidra med generelle opplysningar om incest og seksuelle overgrep.

Avvergeplikt og meldeplikt

Uavhengig av teieplikta har sentera meldeplikt og avvergeplikt i særskilte tilfelle. Senteret må sende bekymringsmelding til barneverntenesta og har ei avvergeplikt til politiet dersom vi vert kjend med at barn vert utsett for seksuelle overgrep, vald eller andre former for omsorgssvikt.

Registrering

Sentera mot incest og seksuelle overgrep er av løyvande myndigheiter pålagt å føre statistikk over talet på brukarar og ulik aktivitet, men desse er ikkje knytt opp mot namn eller andre personlege opplysningar. Når du kjem til eit senter vil du bli bedt om å fylle ut eit anonymt skjema.

Seinverknader etter incest og seksuelle overgrep

Kva incest og seksuelle overgrep gjer med eit menneske kan ein aldri heilt slå fast på førehand, bortsett frå at det kan føre til ulike konsekvensar. Konsekvensane kan vere av sosial, psykisk og/eller fysisk art. Mange som har opplevd overgrep kan streve med angst, depresjonar, sosial isolasjon og oppleve vanskar med å knyte nære relasjonar til andre menneske. Nokon opplev vanskar i høve til eiga seksualitet/nærheit/intimitet, og av den grunn slit ein del i parforhold. Nokon opplev spesielt store utfordringar i forbinding med graviditet, fødsel og barseltid. Problem i forhold til mat og eting  kan førekome, og fleire fortel om fysiske plagar som kan plasserast i den medisinske kategorien psykosomatiske plagar. Dette kan blant anna vere udefinerlege ledd og muskelsmerter, stivheit i rygg / nakke og betennelsar ulike stader i kroppen. Nokon opplev at vanskane manifesterer seg i form av alkohol og rusavhengigheit.

Uansett kva du opplev er du verken annleis eller unormal. Hugs at eventuelle etterverknader av overgrep er normale reaksjonar på unormale hendingar!

Fasar i prosessen med arbeidet av vanskelege opplevingar

Når du gjennomgår ein prosess for å arbeide deg ut av vanskelege opplevingar kan du ofte oppleve denne som faseinndelt. Underveis frå slutninga tas om å ta tak i eige liv til du betraktar deg som ferdig kan mange skjulte minne dukke opp, og følelsar som avmakt, skam, sorg og sinne er vanlege. Enkelte kan slite med å erkjenne at opplevingane dei sit med er verkelege, andre med å plassere skulda der den faktisk høyrer heime. Det er ingen snarveier i ein slik arbeidsprosess, og av og til kan det følast som om du tek to skritt fram, og eit tilbake. Hugs at dette er vanleg, og at du gjennom å gå heile vegen greier å sjå livet ditt og deg sjølv i eit nytt perspektiv. Det er du som har kontroll over din prosess!

Er det noko meir du lurer på, så ta kontakt med ein tilsett eller ein brukar, eller bruk litteraturen som senteret har tilgjengeleg.

Ei helsing til deg…

Sjølv den lengste reise startar med eit første steg…