Råd frå brukarar

Eg skulle ønskje dei hadde:

  • Teke deira eigne følelsar på alvor, skaffa nokon å snakke med
  • Trudd meg
  • Sagt at det ikkje var mi skuld
  • Vist meg at dykk var sinte på overgripar for det han/ho hadde gjort mot meg
  • Gjeve meg lov til å både vere sint og glad i overgriper på same tid
  • Unngått å presse meg til å treffe overgripar
  • Vist meg tydeleg kven dykk støtta av meg og min overgripar
  • Behandla meg mest mogleg som før
  • Skaffa dykk kunnskap om incest/seksuelle overgrep
  • Gjeve meg eit positivt bilete av nærheit og seksualitet
  • Latt vere å mase om overgrepa heile tida, men sagt at dykk var der om eg ønska å snakke
  • Snakka med meg om min seksualitet
  • Tatt meg med på råd om kva som var best for meg
  • Spurt meg korleis eg eigentleg hadde det og vist meg at dykk hadde tid til svaret
  • Unngått å gje meg ansvar for å ta vanskelege beslutningar
  • Latt vere å tenkje at eg sikkert snakka med andre om det som var vanskeleg
  • Gjeve meg lov til å vise følelsar og gjeve meg ros for at eg våga
  • Latt vere å be meg om å tilgje overgripar
  • Holdt på rollane dykkar, ikkje prøvd å vere min psykolog eller hjelpar
  • Sørga for at overgrepa slutta
  • Spurt meg direkte dersom mogleg
  • Understreka at eg ikkje hadde skuld i det som skjedde
  • Formidla at det var fint at eg fortalde om overgrepa
  • Vist meg at dykk var sterke og istand til sjølv å løyse eigne problem
  • Skaffa meg den beste faglege hjelp som var i distriktet
  • Gjeve meg tid og vore tolmodige
  • Vist respekt for at eg kanskje også hadde positive oppfatningar av overgripar
  • Stillt krav til meg
  • Stimulert mitt positive sjølvbilete
  • Gjeve meg hjelp til å verte bevisst mine eigne grenser