Rettleiing til fagpersonar

Vi gjev tilbod om gratis undervisning for alle typar faggrupper både på og utanfor senteret. Vi gjev også gratis råd og rettleiing. Det kan føregå pr. telefon, pr. e-post, på eller utanfor senteret. Vi kan diskutere konkrete og anonyme saker eller incestproblematikk generelt. Vår erfaring er at nokon fagfolk synast det er vanskeleg å jobbe med incestutsette voksne, ungdom, barn, og føresette til incestutsette.

SMISO-SF har som målsettjing å vere med å auke kompetansen om incest og seksuelle overgrep for så å verke førebyggjande. Vi ser det som ein viktig del av vårt arbeid.

Nedanfor finn du link til standardskjema for å levere inn bekymringsmelding til barnevernet. sjå her