Møte med somatikken

Når den somatiske pasienten har vore utsett for seksuelle overgrep kan det gje seg utslag i ulike tilleggsvanskar når det gjeld diagnostisering og behandling. Her vert det peika på ein del område behandlaren bør vere merksam på.

Relasjonar

Nokre av dei som har erfaringar med seksuelle overgrep har problem med å stole på andre. Dei kan trenge tid for å bli trygge. For nokre kan det difor vere viktig å til dømes bruke tid før ei undersøking. Det kan opplevast vanskeleg å skulle forhalde seg til mange ulike personar både under ei undersøking og i eit lengre behandlingsløp.

Å bli spurt direkte

Fleire av brukarane ved senteret har uttrykt at dei ønskjer å bli spurt direkte om dei har vore utsett for seksuelle overgrep. Mange seier at dei sjølv tykkjer det er vanskeleg å fortelje, og at det ville vore lettare å bli spurt direkte.

Tap av kontroll

Mange pasientar som har opplevd incest eller andre seksuelle overgrep har behov for å ha kontroll over eige liv. Dette behovet bunnar ofte i at dei som barn ble fråteken kontrollen og andre tok makt over dei. Det å få behov for medisinsk hjelp ved sjukdom kan opplevast som tap av kontroll for nokon.

Det kan vere skremmande å ikkje vete kva ei behandling skal gå ut på. Gjer det vondt? Skal dei ta blodprøver? Må eg kle av meg? Blir det mange til stades? Fysisk nærleik vert opplevd som vanskeleg for mange. Ein lege eller sjukepleier kan både ha behov for å ta på, flytte på eller gjere inngrep på pasienten. Dette kan opplevast som ubehageleg, og gjeld særleg om denne berøringa kjem uførebudd. Ved innlegging på sjukehus kjem i tillegg pasienten bort frå sine næraste, og kan føle seg ”prisgitt ei overmakt”. Dette kan minne om overgrepssituasjonen i barndommen.

Kroppsleggjering

Dersom ein behandlingssituasjon blir travel med lite tid til kommunikasjon, vil pasienten kunne føle seg ”berre som ein kropp”. Dette kan gje minne frå overgrepssituasjon. Mange som har vore utsett for seksuelle overgrep opplev skam knytt til eigen kropp. Det å vere avkledd kan difor opplevast som vanskeleg, og gje minne knytt til overgrepssituasjonen.

Gynekologiske og andre intime undersøkingar

Det å bli undersøkt på intime kroppsdelar kan gi direkte assosiasjonar til overgrep. Nokon kan forbinde dette med skam og smerte. Slike undersøkingar kan vere svært vanskeleg, og nokon kan dissosiere. Med dette meiner vi å sette seg sjølv utanfor situasjonen og blokkere for inntrykk frå omverda. Dette merkar ikkje alltid behandlaren, men kan vere svært ubehageleg for pasienten.

Fysisk smerte

For mange var dei seksuelle overgrepa veldig smertefulle. Det kan då seinere oppstå forbinding mellom fysisk smerte og vonde minne. Nokre kan difor synast å overreagere. Dette er noko mange er medvitne om, og som igjen kan gjere situasjonen belastande. Det å oppleve seg sjølv som vanskeleg, ein som tar ekstra plass, eller blir sett på som sytete kan opplevast vanskeleg. Mange barn som opplev seksuelle overgrep dissosierer. Dette kan vere ein strategi nokon vel å bruke seinare også. Desse kan virke tilsynelatande uberørt av smerten, og ”tåle alt” i tausheit.

Undersøkelser av enkelte kroppsdelar

Undersøkingar av stader på kroppen som vart utsett for seksuelle overgrep, kan utløyse flashbacks. Dette treng ikkje berre å gjelde dei intime delane, men kan vere halsen som ble holdt over, handa eller hovudet som vart pressa ned.  Skjer slike flashbacks vil behandlar kunne oppdage dette gjennom ulike reaksjonar, mens nokon kan dissosiere. Det er difor viktig å heile tida kommunisere med pasienten.

Å sette grenser

For nokon kan det vere vanskeleg å uttrykke eigne behov, seie frå ved misnøye eller sette andre ”naturlege” grenser. Dette kan for enkelte bli særleg vanskeleg i ein pasientrolle, då dei kan oppleve å vere underlagt andre si makt eller autoritet. Nokon tykkjer kanskje det er lettare å seie frå om dette dersom dei opplev å bli gitt opning for å sette grenser. Dette kan til dømes vere ved at ein lege poengterer at det er berre å seie frå om noko vert opplevd som ubehageleg, eller spør korleis det går.