Er du uroleg for nokon du kjenner?

Kjenner du nokon som er utsett for seksuelle overgrep?

Sosial og helsedirektoratet viser til tal som seier at 10 – 20 % av den kvinnlege befolkninga, og 5 – 10 % av den mannlege befolkninga i vesten har vore utsett for seksuelle overgrep før fylte 18 år.

Det vil difor ikkje vere uvanleg at ein kjenner personar, eller veit om personar som har vore utsett for seksuelle overgrep. Det er ikkje alltid så enkelt å stå på sidelinja når nokon ein kjenner og kanskje er glad i har det vanskeleg.

Vi som jobbar her har erfaring i å møte barn/ungdommar, vaksne utsette og deira pårørande. Vi veit at pårørande har ulike behov når dei tek kontakt. Nokon tek kontakt ved mistanke og treng å diskutere dette med nokon som har kunnskap om seksuelle overgrep. Andre tek kontakt når overgrep er avdekka.

Du er velkomen til å ta kontakt med oss. Vi kan gje råd og rettleiing. Du kan henvende deg direkte, og det er gratis. Du kan gjerne vere anonym om du ønskjer det.

Her er andre instansar der ein også kan søkje råd og hjelp:

  • Fastlege
  • Helsesøster
  • Lærar/rådgjevar
  • Barneverntjenesta
  • Politi/advokat
  • Barnehuset i Bergen
  • Støttesenter for fornærma i straffesaker