Når vi på senteret snakkar om å bearbeide seksuelle overgrep, meiner vi:

  • Å snakke om det ein har opplevd og korleis ein har det
  • Å kjenne seg igjen i andre si historie og reaksjonar
  • Å dele erfaringar med andre
  • Å delta i grupper og kurs
  • Profesjonell hjelp frå for eksempel psykolog eller andre i det offentlege hjelpeapparatet
  • Behandling hos psykomotorisk fysioterapeut eller liknande fysiologisk behandling
  • Å skaffe seg kunnskap og innsikt om seksuelle overgrep
  • Å få hjelp til å sjå samanhengar mellom overgrep og seinare reaksjonsmønstre
  • Skriving, maling eller anna type kreative uttrykksformar

Det vil vere individuelle skildnader når det gjeld kva som fungerar best for den einskilde. Det er berre du som veit og bestemmer korleis du ønskjer å bearbeide seksuelle overgrep.

Kvifor bearbeide seksuelle overgrep?

Gjennom å få bearbeida overgrepa, vil du kunne plassere både skuld og skam der den høyrer heime, utanfor deg sjølv. Dette vil for dei fleste betre sjølvbildet. Dess lenger ein går med ein negativ oppfatning av seg sjølv og omverda, dess vanskelegare vert det å endre denne. I ein bearbeidingsprosess vil ein kunne oppleve ulike følelsar. Det finnast ingen oppskrift på korleis ein skal bearbeide seksuelle overgrep, eller eit endeleg mål der overgrepa er sletta frå bevisstheiten. Du kan ikkje endre på historia, men lære å leve med den slik at du betre står rusta til eventuelle utfordringar. Det finnast måter å lære seg å leve godt!

Ubearbeida følelsar kan kome til uttrykk på ulike måter. Ein kan oppleve at ein ikkje har kontroll over følelsane sine. F. eks: ”Alle trur eg er sint, men eg er eigentleg redd”. Overgrep som ikkje er bearbeida kan ta stor plass. Følelsane og minna kan prege store deler av livet. Dette kan også dine relasjonar til andre menneske. Når ein får ”rydda i hovudet” vert det meir plass til det positive i livet. Ein kan også bli betre kjend med eigne reaksjonar og følelsar.

Du vil kanskje kjenne deg igjen i noko av dette:

Ønskje om eit betre liv:

Enkelte som kjem til senteret gjer det fordi dei ønskjer hjelp på vegen mot eit betre liv. Noko kjem til eit punkt der dei innser at dei ikkje klarar å bere historia si lenger, og at den påverkar fleire livsområde.

 

Å bryte tausheita:

Dei fleste barn som opplev seksuelle overgrep held dette hemmeleg i kortare eller lengre tid. Å starte med å fortelje andre om det ein har opplevd kan følast befriande for mange.

 

Å komme i kontakt med følelsane sine:

Mange som har opplevd seksuelle overgrep, har mista kontakten med følelsane sine. Dette kan gjelde følelsar som for eksempel sårbarheit, glede, forelsking eller sinne.

 

Å kome i kontakt med eigen kropp:

Ein del av dei som har vore utsett for seksuelle overgrep seier dei opplev å ikkje vere tilstades i eiga kropp, og mange beskriv at dei opplev hode og kropp adskilt. Fleire beskriv i tillegg at dei har plagar med muskel og skjelett, eller stressrelaterte sjukdomar.

 

Å hugse:

Nokon har få eller inga minne frå dei seksuelle overgrepa. Mange av dei som hugser overgrepa har fortrengd følelsane som var knytt til desse.

 

Å tru at det skjedde:

Enkelte kan i periodar tvile på eigne opplevingar. Å tru at det verkeleg skjedde, og at det skada deg, er ein viktig del av bearbeidninga.

 

Å forstå at det ikkje var di skuld:

Mange barn tek sjølv på seg skulda for overgrepa.

 

Sorg:

Mange opplev i ein eller fleire periodar ei stor sorg over alt dei har tapt, mista eller sorg over kor vondt dei har eller har hatt det.

 

Å møte andre:

På senteret har du moglegheit til å møte andre som har vert utsett for incest eller andre seksuelle overgrep.

Vi på senteret har stor tru på at de som er brukarar har dei beste føresetnader for å hjelpe både dykk sjølv og kvarandre. De eig dei ressursane som skal til for å stake ut dykkar eigen kurs, samstundes som de kan vere god støtte for kvarandre. Kanskje kan eit møte med ein anna brukar vere det som gjev deg det som skal til for å kome i gang og den sjølvtilliten du treng for å stake ut ei ny retning!

Å dele si verkelegheit gjev moglegheit for:

  • Gjenkjenning, «har du også følt det slik?»
  • Å bli trudd
  • Normalisering. Skadeverknadane etter seksuelle overgrep er normale reaksjonar på unormale påkjenningar
  • Avlastning på skam og skuld
  • Å forstå at det er ikkje eg som er ”feil”, men at eg har vorte påførd noko andre er ansvarleg for og som har skada meg
  • Å verte sett
  • Du kan både gje og motta inspirasjon, tilbakemeldingar og omsorg
  • Å vere seg sjølv