© fotograf Kine Øynes

Slit du med vanskelege minne? Føler du deg einsam, annleis enn andre? Er du sliten, redd og forvirra, føler uro og kaos? Fiksar du det meste utad, men har det fryktelig vondt innvendig? Mange som har vore utsett for seksuelle overgrep fortel at dei ”lever liksom eit liv på utsida og eit heilt anna liv på innsida”.

Lurer du på om livet kan bli betre?

Har du gått med ein hemmelegheit åleine så alt for lenge? Har du lurt lenge på å fortelje det til nokon, men ikkje klart det? Mange utsette kan fortelje om ulike grunnar til at dei ikkje har våga å fortelje før:

  • Kanskje eg ikkje blir trudd?
  • Kanskje skulle eg tålt det eg har opplevd – andre har det sikkert verre enn meg.
  • Dersom eg fortel så kjem eg i kontakt med desse vanskelege kjenslene som eg har prøvd å fortrenge og det kjem eg ikkje til å tåle.
  • Dersom eg fortel så blir kontrollen teken frå meg.

Seksuelle overgrep kan føre til ei rekkje seinverknader, som ulike psykiske problem, konsentrasjons- og lærevanskar, dårleg sjølvbilete, rusmisbruk, angst og depresjon. Det er normale reaksjonar på ein unormal hending. På Smiso SF kan du få råd, rettleiing og kunnskap om seinverknader i forhold til seksuelle overgrep.

Du er ikkje åleine.

På Smiso SF kan du kome utan tilvising og tilboda våre er gratis. Våre faglege rådgjevarar har kvar for seg og til saman god kompetanse på seksuelle overgrep og seinverknadane mange vert ramma av. Hos oss kan du få hjelp til å ta fram eigne ressursar og utnytte moglegheitene dine til å styre livet i ei retning som gjer det betre.

Vi tåler å høyre di historie!

Vi rettleiar deg vidare i hjelpeapparatet dersom du har behov for det. Tal fra NOVA 2016 viser at 15% av alle jenter og 7% av alle gutar i Norge har opplevd ei form for seksuelle overgrep.

Er du mann og ønskjer informasjon frå andre menn og gutar kan du slå opp på http://utsattmann.no/.

På senteret kan du få kunnskap om ulike måtar å arbeide med traumer på og finne tilbake til roa i livet ditt. Du kan bruke senteret slik du finn det best. Det kan vere ein kort periode, eller lengre periode. Målet er å gå vidare i livet ditt utan for mange hemmelegheiter og smerter.

Vi veit det nyttar å arbeide med dei vonde opplevingane.

Du kan klare det!

Ønskjer du å vete meir om senteret, kan du ringe eller sende ein e-post. Du kan vere anonym og alle tilsette og brukarar har teieplikt. Om du i første omgang ikkje kan eller orkar å kome til senteret kan du bli kjend med oss via telefonkontakt.