Sjølvhjelp

Senteret arbeider etter ideologien «Hjelp til sjølvhjelp». Prinsippet er at den enkelte sjølv skal jobbe seg ut av offerrolla. Det er stort fokus på friskheitstenking, og å ta eige ansvar for å kome gjennom den prosessen det er for at overgrep ikkje skal bli eit livsfokus vidare.

Ideologien

Sjølvhjelp er å ta tak i eigne evner, finne fram til eigne ressursar, ta ansvar for eige liv og sjølv styre det i den retninga ein ønskjer. Sjølvhjelp er ein jobb du gjer for deg sjølv, men du treng andre menneske for å få det til.

Målsettinga med sjølvhjelp

Målet er å oppnå ein betre kvardag. Det grunnleggande for deltakaren blir å våge å gå frå å vere mottakar av hjelp til å ta aktivt tak i eige liv. Dette fører til mobilisering av styrke og kraft som igjen gir kontroll og auka sjølvtillit.

Spørsmålet er; Korleis kome vidare? –Ikkje; Kvifor har eg det så ille?

Sjølvhjelpprosessen

Ressursane ligg i den enkelte. Kvar og ein har med seg verdifull kunnskap, og initiativet kjem innanfrå.

Sjølvhjelpsarbeidet handlar om å våge å bli kjent med seg sjølv, våge å ha det vondt, våge å ha det godt, og å våge å forhalde seg til undring og usikkerheit.

Å våge å ta en sjanse er å miste fotfeste en liten stund.
Å ikke ta en sjanse er å miste seg selv.
– Søren Kierkegaard-

Sjølvhjelpsgruppe

Arbeidet i ei sjølvhjelpsgruppe baserer seg på kommunikasjon om tankar, kjensler og erfaringar deltakarane har.

Sjølvhjelpsgrupper tek utgangspunkt i deltakarane sine felles problem og behov. Deltakarane vel å arbeide saman for å nå personlege mål. I ei sjølvhjelpsgruppe opplever ein at det vert sett i gang ein gjensidig prosess der deltakarane styrkjer kvarandre til å våge å delta i den vidare utviklinga.

Alle deltakarane skriv under på gjensidig teieplikt.

Dersom du ønskjer å delta i ei sjølvhjelpsgruppe, meld di interesse til ei av dei tilsette.